Skip to content

Om smelteverk og anna verk

18.07.08

Her om dagen sneik eg meg inn på Smelteverket og vandra rundt. Det var som om alt var forlate på dagen. Enkelte stader stod kaffikoppane fortsatt på benken. Inne på eine kontrollrommet låg ei bok med tittelen: ”Informasjon til neste skift”. Side opp og side ned med daglegdagse notat. ”Tetta seg til på L2. Må renskast”, ”Forsinka levering i kveld”, og så vidare. Brått var det slutt på notata. Det siste som var skrive i boka, var ei halv side med kinesiske teikn. Notatar frå dei nye eigarane, som tok med seg heim alt som kunne brukast.

Me har lang tradisjon i Hardanger for å vraka ting me ikkje lenger meiner har noko verdi. Strandlinjene våre er erstatta av riksveg, og lauvskogen av sitka-gran. Nordens største og flottaste trebygning, Hardanger Hotel, vart sagflis. No har me eit nytt vrak å ta stilling til: Smelteverket.

Utan industrien hadde ikkje Sørfjordområdet vore noko særleg. Me hadde enda opp med ein trist fjordbotn à la Flåm eller Gudvangen, med bensinstasjon, kiosk, djupvatnskai, og eit hotell som kun har gjester om sommaren. Dei har finare postkort i Flåm enn i Odda, men det er betydeleg kjedelegare der. Men kva skal no fylla det stadig veksande holet etter den gamle industrien: Natur, kultur, shopping eller ny industri?

Det er smått optimistisk å tru at ein stad som har panoramautsikt til Zinken og TTI, med eit sentrum som stort sett stammar frå norsk arkitekturs tristaste tiår, skal klara å leva fullt ut på turisme. Det gjeld uansett kor mange frikort laftehytte-mafiaen får til å byggja ut fjella i nabolaget. Det synest óg litt ulogisk å fylla norges raskast krympande by med kjøpesenter og teaterscener. Og ynskjer Odda verkeleg å verta ein karakterlaus shoppingørken, som Husnes eller Førde?

Odda hadde nok fått meir ut av å sutra til seg ein dørfabrikk (som Årdal) enn å sutra til seg omstillingsmidlar. Det trengs ein dose tyngre næringsliv for å halda liv i ein så stor plass. Det er likevel vanskeleg å sjå kva dette har med verdensarven å gjera. UNESCO hindrar nyutvikling og tek opp verdifull plass, vert det hevda. Javel?

Ta Bryggen: Der er kontor, butikkar og Peppes, samt det danskebåt-aktige diskoteket ”Engelen”. Frigjorde førtiårige furier som dansar disko i leopardmønstra bukser var neppe det riksantikvaren såg for seg då han signerte vernedokumenta. No er det ikkje min framtidsdraum for Odda å sjå ordførarkandidatane Elton/Folkvord bedriva ”dirty dancing” på betongdekket inne i ein nyrestaurert Ovn 3, men poenget er: Verdsarvstatus hindrar tydelegvis ikkje nye ting kjem inn.

Og plassmangel: 160 mål er stort. Veldig stort. Me kunne ha smekka inn ti Bjørvik-operaer på tomta. Me kunne ha dobla norges største kjøpesenter (Sørlandssenteret), og likevel hatt rom til overs. Redselen for at det ikkje skal verta nok plass om Odda ofrar 10-15% til verdensarven, er difor uttrykk for ein optimisme som er rørande, om enn litt vanskeleg å ta seriøst.

Eg har ikkje stemmerett i Odda. De må gjerne krangla om ti-femten prosent. Med verdsarv-status vert støvet kanskje liggjande ei stund ekstra. De får plass til ein opera eller Hennes & Mauritz-butikk mindre. Greitt nok. De må gjerne tenkja at det er litt stas å seia nei til ein klubb som alle andre har lyst til å vera medlem av. De må gjerne tenkja at Odda anno 2007 må sletta og gløyma Gamle Odda, nett slik det skjedde for 100 år sidan.

Men: Resten av sidene i boka eg fann på kontrollrommet, meir enn halve boka, var blanke ark. Ikkje lat kinesarane få det siste ordet.

(Bergens Tidende 10.09.07)

Advertisements

From → Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: