Skip to content

Sjusifra slurv

18.07.08

«Takstmenn slurver», påstår Huseiernes Landsforbund i BT 21. desember. ”Verditaksten er verdiløs», hevdar Forbrukarrådet i Stavanger Aftenblad eit par veker før. Forbrukarrådet ynskjer å avskaffa heile verditaksta, og innføra påbod om nøytrale bygnings-inspektørar.

Men er det ikkje nettopp det takstmenn er? Nøytrale fagfolk? Har du vore på eit par-tre visingar veit du at det ikkje stemmer. Verditaksta er oftast ein avansert kopi av eigenerklæringa, krydra med ord som ”himling” og ”tilluftmulighet”, samt gitt eit slør av seriøsitet gjennom nokre fuktmålingar på badet. Ein stolar likevel på at takstmannen seier frå dersom noko er alvorleg gale. Av og til er også dette for mykje forlangt, som i historia om vårt nesten-kjøp førre veke:

Lønnskontoen hadde vakse seg for stor for toroms-leiligheita. Våre kvadratmetersvoltne auger fall på ein eldre einebustad i Bergen sentrum, av typen «sjarmerende». Etter visinga var konklusjonen grei: Det trengs ein del parkett, måling og andre kosmetiske oppgraderingar, men huset kan verta fint, det.

På fleire punkt i taksta stod det imidlertid ”Tilstandsgrad 2”. Det kan bety at ting må utbedrast innan ”rimeleg tid”, men TG2 kan óg vera sett ut frå alder, utan at det eigentleg er påvist noko gale. Ettersom me ikkje hadde råd til skjulte kostnadsbomber, ringte me takstmannen for å dobbelsjekka.

Han roa oss. Huset har stått i hundre år. Litt fuktigheit i råkjellaren og skeive bjelkar må ein rekna med. Utlegg i hundretusenkroners-klassa kunne han ikkje sjå for seg at me skulle få.

Nokre venner tipsa oss om at denne takstmannen hadde vore anklaga for tvilsomheiter i eit par saker. Ettersom prisen låg på kredittgrensa vår, tok me med ein eigen takstmann for dobbelsjekking neste dag. Han tok kverken på villadraumen vår omtrent før han kom innom døra. Her er eit utdrag frå lista hans:

Kjellar: Takbjelkane er makketne og haldne oppe av ei reserveløysing. Må skiftast. 1. etg: Fukt langs heile veggen som vender inn mot bakken, samt i golvet. Ulovleg innbygging av pipe. 2. etg: Alvorlege skeivheiter i golv. 3. etg: Kan ikkje godkjennast som buareal. Fire soverom vert dermed redusert til eitt. Samtlege fem vindauger bør skiftast ut. Pipe: I alle etasjar vert det målt fukt, som óg har trekt ut i golvet rundt. Synleg saltutfelling på loftet. Tak: Manglar stige til feiar. Dei fleste listene må skiftast.

Taksta burde ha vore ein million kroner lågare. Minst. Meir enn 1,9 millionar burde me ikkje betala, sa vår mann. Verditaksta var på nesten tre millionar, ei forskjell på femti prosent.

Han tipsa oss óg om at huset mogelegvis vil verta berørt av ei komande tunnelutbygging. Etter litt googling fann me konsekvensutgreiinga. Huset ligg solid plassert inni den næraste støysona. Det vil få sporadisk anleggsarbeid utanfor stovedøra dei neste fire åra, deretter redusert utsikt og massiv trafikkauke.

Me la aldri inn bud.

Eigedomsmeklarane fekk upopulære reglar tredd ned over hovudet på seg av Kristin Halvorsen, etter at dei viste seg fullstendig utan eigendisiplin og evne til å regulera eigen bransje. Om takstmennene held fram slik som i dag, kan det fort vera dei Halvorsen kjem etter i neste omgang.

Hadde dette vore for to år sidan, utan 24-timarsregel og med glovarm eigedomsmarknad, hadde budrunden starta og vore over same kveld som visinga. Ein eller annan stakkar ville ha enda opp som nabo til gravemaskiner og godstrafikk, og ligga søvnlaus på sitt eine soverom mens golvet rotna under han.

(Bergens Tidende 29.12.07)

Advertisements

From → Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: