Skip to content

Store, vesle Bergen

18.07.08

Bergen når snart 250 000 innbyggarar, og har så inderleg lyst til å vera Vestlandet sin hovudstad. Problemet er at bergensarane er endå dårlegare skikka til jobben enn austlendingane.

Vestlandet er oversett, underfinansiert og tilsidesett. Bergens Tidende sine kommentatorar har det siste året latt det gå sport i å vera fyrstemann til å oppdaga neste budsjettfornærmelse frå Oslo. Byrådet erklærte krig mot regjeringa i BA sine feitaste krigstypar.
Me får ikkje pengar til å behandla våre sjuke gamle, ikkje pengar til universitetsbygg til ungdommen vår, ikkje pengar til tinghus der me kan døma skurkane våre, og ikkje pengar til å retta ut dei svingete vegane våre.

Industrien vår blir enten lagt ned, som i Odda, eller sprengt i lufta, som i Gulen. Folk blir arbeidslause og forgifta, utan at Oslo bryr seg. Statlege pengar til Vestlandet er subsidier. Statlege pengar til hovudstaden er, enkelt og greitt, ”hovudstadstillegg”.
Rettferdig indignasjon er på sin plass. Om berre Oslo var seg ansvaret som hovudstad bevisst. Om berre dei var litt meir statesmanlike. Om berre dei brydde seg litt meir om oss som bur heilt her ute.
Akkurat slik er store delar av Vestlandet sitt forhold til Bergen.

Laud og latter
Bergen har så inderleg lyst til sjølv å vera Vestlandet sin hovudstad. Problemet er at bergensarane er endå dårlegare skikka til jobben enn austlendingane. Bergensmakta er vel så arrogant og sjølvsentrert som Oslomakta. Bergensarane bryr seg sjeldan om å finna ut kva som ligg bak eit fjell før Vegvesenet har bora hol i det.

Den gryande periferidebatten me hadde i vår er eit godt eksempel. Då snakka ein om både opprør og partistifting. Nokre av våre mest prominente bergensarar, med Frank Aarebrot og Torstein Hjellum i spissen, klarte imidlertid å drukna det heile i nok ein meiningslaus AKP(m-l)-debatt.
Vestlandsopprøret enda opp som ein krangel om Hans Wilhelm Steinfeldt burde fått laud eller ikkje på ei semesteroppgåve om Stalin. Austlendingane lo heile vegen til Operaen.


Glashuset
Dei største utfordringane ligg likevel hjå BT og Bergen kommune. I sommar hadde BT ein liten tospaltar om store kraftutbyggingar i Sogn og Fjordane. Resten av dobbeltsida var via auka overskot på Fotballpuben. Ei sak om milliardutbygging i Røldal hamna på side fire i Hus & Hjem, bak eit oppslag om akustikken i den nye Operaen.

Voss sitt nye kulturhus til hundre millionar hamnar langt bak på nyheitssidene, inneklemt mellom store annonsar. Slik pleier det å gå med dei fleste sakene til den einslege distriktskorrespondent Hofseth.
Kommunen på si side har vore taus i saker der omlandet kunne ha trengt hjelp frå ein sterk og talefør regionhovudstad. I arbeidet for ein industrikraftavtale, i kampen mot kraftlinjer og monstermaster, og i eit utal samferdsledebattar.

Makt forpliktar

Nokon vil sei at korkje avisa eller kommunen kan lastast for å handla slik. Dei følgjer stillingsbeskrivelsen sin. BT skal gjera seg interessant for flest mogeleg lesarar. Det er vel ikkje utenkjeleg at Fotballpuben har høgare antal stamgjester enn enkelte Sognekommunar har innbyggjarar.

Byrådet har nok med å få til god barnehagedekning for sine eigne innbyggjarar, om dei ikkje òg skal springa rundt og vera hønemor for masse småkommunar i indre strøk.

Regjeringa i Oslo er faktisk pålagt ansvaret for å driva heile landet. Avisene i Oslo yndar å kalla seg Rikspresse, og deira dekning skal famna om alle norske borgarar. Ein kan ikkje venta at ei regionsavis og ein bykommune skal strekka seg utover på same måten.
Slike innvendingar gjeld ikkje i denne debatten. Her handlar det om å bryta det eksisterande mønsteret. Om å bli noko meir enn det ein er i dag. Av dei som vil stå fremst og føra an i denne kampen krevst det meir. Gode leiarar skal både bryta veg, inspirera og gje drahjelp.


Del kompetansen

Bergen er enn så lenge uomtvisteleg størst og viktigast på Vestlandet, og viser at den er klar over dette gjennom å vera likeglad til kva som skjer elles i landsdelen. Skal denne posisjonen brukast til noko anna enn å hala ut tida før Stavanger går forbi, må innstillinga endrast. Monica Mæland må gjerne erklæra krig mot Oslo i BA. Det er ingen aust for Arna som les BA uansett. Det som tel er konkret politisk innsats og litt sjølvoppofring.

Bergen har dei mest drevne, kompetente og ressurssterke politikarane på Vestlandet. Fleire har gått vidare frå kommunepolitikken til hovudstaden. Den potensielle tyngda til Bergenslobbyen er stor, og kunne ha vore til god nytte også for kommunar som ikkje lar seg skua frå Ulrikens topp.
BT på si side er den einaste medieaktøren med djupe nok lommer og lange nok armar til å dekka det som ein gong, kanskje, kan bli ein fullverdig region.

Å byggja Vestlandet
Dersom Oslo ein gong skulle bestemma seg for å senda pengar og makt vestover, er det foreløpig ingen som står klare til å ta imot. Norge vest for Langfjella er ikkje eit rike som ventar på å lausriva seg og få sin plass i sola. Det er ein spreidd region med dårleg intern kommunikasjon, både politisk og transportmessig. Folk her har til dels tvert motsette interesser.
Vårt politiske flaggskip, Vestlandsrådet, er bemanna av maktfattige fylkespolitikarar. Avisartiklane om Vestlandsrådet som finst på nettet, handlar stort sett om at dei er ueinige og vurderar å leggja seg sjølve ned. Det har dei tydelegvis vurdert i fleire år, utan at nokon har starta fakkeltog av den grunn.

Større radar
Vestlandet som region finst ikkje andre stader enn på kartet. Politisk, institusjonelt, og i stor grad kulturelt, må den byggjast frå grunnen av. Bergens Tidende og Bergen kommune er to av dei mektigaste institusjonane i landsdelen, og sentrale i dette arbeidet.

Dei må gå ut over sine mandat, ut over sine kjerneområde, og bruka makta si på ein meir oppmerksam og inkluderande måte. Dei må dra fram og støtta område og saker som i dag ligg langt utanfor Rådhuskvartalet og Krinkelkroken sin radarskjerm. Berre på den måten kan dei, over tid, tvinga Oslo til å gjera det same.

( Bergens Tidende 12.06.08 )

Advertisements

From → Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: