Skip to content

Presten og palestinaren

08.01.10
Dersom me vert avhengige av lover for å forhindra hatefulle ytringar, har me allereie tapt.

Mannen var prest, og han var sint.

«Ja, eg veit faktisk kva Jesus ville gjort. Han har jo vist det i denne krigen: Vår gud beskyttar oss på ein overnaturleg måte. Korleis vil du elles forklara at det berre har døydd 13 israelske soldatar, og hundre gonger så mange palestinarar?»

Tiraden kom etter at palestinaren han stod og diskuterte med etter protesttoget, kom med giftige kommentarar om falsk kristen nestekjærleik. Stemninga var ganske hatsk, men det var ingen vald, ingen tåregass, og ikkje noko fare for å bli dregen for retten, same kor avsindige utsegn ein kom trekkjande med.

Bedehusmafiaen
Liv Signe Navarsete & Co har pressa regjeringa til å vidareføra og skjerpa blasfemilova, med solid støtte frå mellom anna Norsk Søndagsskoleforbund og Institutt for Kristen Oppseding. Lovteksta er ikkje klar, men strafferamma i §185 om hatefulle ytringar er seks gonger høgare enn i dagens blasfemiparagraf.

Islamsk Råd held seg førebels tause. Kanskje er dei framsynte nok til å vita at Norges største ikkje-ansvarlege parti ville gått inn i kollektivt, euforisk delirium om det kom fram at muslimane ville skjerpa blasfemilova, og er nøgde med at kristenfolket gjer grovarbeidet for dei.

Statssekretærane slit med å forsvara forslaget, og har fått lite hjelp. Professor ved Juridisk fakultet og Senter for mellomalderstudier ved UiB, Jørn Ø. Sunde, gjer eit forsøk i BT den 25. januar. Både Sunde og Justisdepartementet (JD) sitt forsvar går langs to linjer.

Ut av flammene
Den fyrste er at den nye blasfemilova eigentleg ikkje er meint å verna religionar i seg sjølv, men religiøse enkeltpersonar sine kjensler. Me må verna den gudfryktige stakkaren som får himmelen ramlande ned i hovudet på seg, dersom nokon er frekke nok til å påstå at det han trur på framstår som rablande galskap for utanforståande. Denne tankegangen er historielaus.

Blasfemi er berre éin del av ei solid samling tankegods som gjennom historia har blitt brukt til å legitimera statsmakta sine overgrep mot privatpersonar. Middelalderkyrkja brukte flittig blasfemivåpenet til å oppretthalda diktaturet sitt. Ho trykte på pauseknappen for samfunnsmessig utvikling i Europa i fleire hundre år. Rausare samfunn, som Islam i den gylne æra (ca 800-1300), tente mykje på å ha det litt høgare under taket.

Det har teke hundrevis av år å snu lovverket frå å beskytta makta til å beskytta folket. Det er risikabelt og meiningslaust å raka blasfemikonseptet ut av flammene på tampen av denne prosessen.

Inga særstilling
Det andre argumentet er at blasfemilova er nødvendig, fordi religion er ein «særleg allmenn og sentral identitetsskapande faktor». Sunde samanliknar utan vidare religion med rase og seksuell legning.

Religion er eit val ein tek, og ei avgjerd ein kan endra på fleire gonger gjennom livet. Det kjennest ikkje slik ut for genuint religiøse menneske, det må me akseptera, men deira kjensler endrar ikkje faktum: Religion høyrer ikkje til i same boks som rase, legning eller utviklingshemming. Religion er eit val, akkurat som yrke, familieliv eller politisk standpunkt.

Alle må finna seg i å sjå slike «identitetsskapande faktorar» kritisert. Dagens Næringsliv mobbar norske bønder på dagleg basis på leiarplass kvar gong jordbruksforhandlingane går føre seg. Carl I. Hagen vart berykta for sin æreslause nedlatenheit ovanfor aleinemødrer. Nina Karin Monsen brukar fleirfaldige spaltemeter i BT til å forklara kvifor lesbiske er dårlege foreldre.

Dei fleste har etter kvart fått nok av rabiate antireligiøse polemikarar som Richard Dawkins og Christopher Hitchens, som ser på gudstru som ein nærmast degenerativ sjukdom. Éin ting har dei to likevel rett i: Me har ikkje råd til å la religionar setja seg sjølve i ei særstilling.

Nytt debattklima
Når ein opphøyr religion over alle andre «identitetsskapande faktorar», endar ein opp med eit farleg debattklima.

Lokalt høyrer me at Vestlandske Kunstsenter tilsynelatande driv med sjølvsensur ovanfor islam, slik kulturredaktør i BT, Jan H. Landro, fortel 30. januar. I Spania og England har humanetiske organisasjonar hatt annonsar på bussen med teksten: «Det finst truleg ingen gud. Slapp av og nyt livet». Responsen frå katolske lobbygrupper er at dette er «respektlaust», og at det ikkje «er slikt me har ytringsfridomen til».

Ved FN ser me at Organisation of the Islamic Conference (OIC) jobbar for eit globalt forbod mot blasfemi. Med fleirtal i FNs parodiske, diktaturinfiserte Menneskerettsråd, er dei også i gang med å gjera «Cairo-deklarasjonen om Menneskerettar i Islam» til ein del av internasjonal lov. Den er grovt kvinnediskriminerande, og byggjer på vage shariareferansar i staden for tanken om ukrenkjelege rettar for alle.

Trenden er å angripa sjølve ytringsfridomen, i staden for bodskapen den blir brukt til å frambringa. Berre i eit slikt klima kan Justisdepartementet sleppa unna med å argumentera med at blasfemilova kan «avverge alvorlige konflikter i samfunnet». Dette minner pinleg mykje om Hugo Chávez sine krav til media om «samfunnsansvar», eller det kinesiske kommunistpartiet sin sensur av alt som er «upatriotisk». Det må vera flaut å vera norsk byråkrat når politikarane set deg til å skriva slikt.

Kva skal skje?
Politi, straff og fengsel, altså. Er det det som skal skje når nokon brukar ytringsfridomen til å skada, splitta og øydeleggja? Nei.

* Det som skal skje er at avisene let Vigrid presentera sitt partiprogram. Så fyller dei resten av avisa med sjokkerte, sinte innlegg som på alle tenkjelege måtar får fram kor skremmande det er at ei nynazistisk liste har nok underskrifter til å stilla til val i Buskerud.

* Det som skal skje er at ytterleggåande sionistar får stå i fred på Festplassen og snakka om kor synd det er på ei av verdas mest effektive, brutale militærmakter når den bombar sønder og saman nokre av verdas største flyktningleirar.

* Rundt dei skal det stå ti gonger så mange overivrige, engasjerte representantar for folk flest, som på ein beherska, men gjerne svært høglydt måte, fortel dei kor feil dei tek.

Vårt ansvar
Kven skal definera ytringsfridomen sine grenser, spør redaktør Landro. Svaret er enkelt. Det skal vi.

Me skal omringa dei hatefulle og aldri la dei få fred. Me skal konfrontera dei og plukka tankane deira frå kvarandre. Dersom me behandlar desse menneska slik vår samvit seier at me bør, slik eit humant, tolerant og omsorgsfullt samfunn reagerer på hat, er det straff nok.

Dersom me må overlata den jobben til staten, har me tapt. Då blir det krangling mellom uvesentlege skapningar som Ari Behn og Carl-Erik Grimstad som dominerer avisframsidene, i staden for den grufulle krigen som gjorde at presten og palestinaren stod og utveksla himmelske avsindigheiter på Festplassen.

(Bergens Tidende 04.02.09)

Advertisements

From → Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: