Skip to content

Skaparverket truar Tomas Moltu

23.04.10

KrF-toppen prøver på snedig vis å gjera kreasjonisme til gangbar ideologisk valuta i Norge. Heldigvis tilhøyrer han ein utdøande rase.

Eit parti som nærmar seg sperregrensa, har sjølvsagt eit anstrengt forhold til konseptet ”naturleg seleksjon” og ”survival of the fittest”. Men KrF har ikkje tenkt å enda opp som ein politisk neandertaler. Akkurat når Harald Eia har gjort professormobbing til ein nasjonalsport, kjem Moltu med ein solid uppercut: Sjølvaste evolusjonsteorien, ein av dei kjæraste babyane til dei kjepphøge vitskapsfolka, har gitt oss ei naiv tur på at livet går vidare uansett kor stygt me behandlar kloden. Og til alt overmål er denne farlege teorien svak, kanskje til og med heilt feil.

Tomas Moltu tek feil. Han tek feil i sin beskrivelse av vitskapen. Han tek feil i sin forståelse av evolusjonen. Og Tomas Moltu er sjølv ei fare for klimaet.

Den menneskelege forskaren

Gudane skal vita at vitskapsfolk er høgst feilbarige. Det mest kjente eksempelet på dette den siste tida, er dei stolne epost-loggane frå  det viktige klimasenteret ved University of East Anglia. Tonen i korrespondansen viser at forskarar er nett som folk flest: Sjalusi, statusjag og trynefaktor herjar her som på alle andre samfunnsområde. Til og med fredsprisvinnar og leiar for FNs klimapanel, Rajendra K. Pachauri, har blitt anklaga for interessekonflikter og upassande band til energiselskap.

Men vitskapen har verdas strengaste system for kvalitetskontroll. Alt av datagrunnlag, alle tankerekker og alle konklusjonar skal ligga fritt framme for alle som vil dobbelsjekka. Truverdigheit og integritet er den einaste yrkesmessige kapitalen ein forskar har. Blir han teken i overtramp eller brot på reglane mistar han all relevans, og kan like godt omskulera seg med ein gong. I desse altergut-tider er det meir enn ein kan sei om kyrkja si handsaming av eigne lovbrytarar.

Ida blei hakkebiff

Moltu skyt seg sjølv i foten med eksempelet han brukar for å visa kor ukritisk vitskapen er til eigne resultat. Fossilet Ida blei presentert som ”the missing link” i fjor, i ein svært velregissert PR-kampanje. Alle frå Discovery Channel til VG hengte seg på. I vitskaplege fagjournalar, derimot, vart Ida møtt med mykje skepsis og kritikk, slik kutymen er. Grundige undersøkingar av uavhengige forskarar tyder no på at Ida kanskje var ein lemur, og slett ikkje eit manglande ledd i apeslekta.

Me snakkar dermed ikkje om at folk er ”prisgitt et forskningsparadigme som ukritisk forsvarer utviklingslæren”, slik Moltu påstår. Tvert imot er Ida eit glitrande eksempel på at vitskapens metodar og praksis fungerar, sjølv når store pengesummar og mediekampanjar er involvert. Skal Moltu kritisera nokon i den saka, får han kritisera VG.

Evolusjon er vitskap

I tillegg til å angripa vitskapleg praksis generelt, ynskjer Moltu å så tvil om korvidt evolusjon faktisk er ein vitskap. Moltu hevdar at mange ”trur” på evolusjonen simpelthen fordi dei nektar å tru på Gud. Han underbyggjer dette med eit påstått sitat frå evolusjonsforskaren Arthur Keith:

”Evolusjonen er ikke bevist og kan ikke bevises, men vi tror på den fordi den er det eneste alternativet til skapertroen, som jo er utenkelig”. Dette sitatet er veldig populært på kreasjonist-nettsider. Etter grundigare søking viser det seg umogeleg å få bekrefta kor og når Keith skal ha sagt eller skrive dette. Dei fleste nøytrale sider avviser sitatet som reint oppspinn.

Den suspekte siteringspraksisen stoppar ikkje der. Ein av dei største vitskapsfilosofane gjennom historia, Karl Popper, var lenge ”i tvil om evolusjonslæren i det hele tatt kunne kalles en vitenskap”, ifølge Moltu. Dette er sitatforvrenging på avansert nivå. Popper skilte her mellom to typar vitskapar. Den eine arbeider med universelle, abstrakte naturlover, slik fysikken gjer med tyngdekrafta. Den andre prøver å forklara det me ser rundt oss, slik geologien gjer med vulkanutbrot og meteorologien med været. Popper påpeika det openbare, nemleg at evolusjonen tilhøyrer den siste gruppa. Sagt med Poppers eigne ord: ”There exists no law of evolution, only the historical fact that plants and animals change”.

Den vitskaplege ”sjølvsikkerheita” som Moltu har slik forakt for, har utvikla seg gjennom 150 år. Både Mendel si arvelære (den me alle må innom i barneskulen for å læra kven som får blå  og brune auger) og DNA/genforsking har bekrefta og styrka evolusjonen som forklaringsmodell.

Avviser ein evolusjonen, må ein også avvisa alt som er bygd opp på same måte. Tusenvis av flypassasjerar har blitt ståande att på bakken dei siste dagane. Dette er på grunnlag av det geologien fortel oss om utslepp frå vulkanutbrot, og det meteorologien fortel oss om vindretningar og nedbør. Det er mykje kunnskap som vil gå med ned i det kreasjonistiske dragsuget.

Me har verre ting å ta tak i

Så  til Moltu sitt påståtte hovudpoeng, nemleg at han kjempar klimaet si sak. Moltu kunne valt seg den avsindige forbruksfesten nordmenn flest lever i for tida. Han kunne valt seg ein olje- og energipolitikk som har gjort det lønsamt å senda norsk fisk til Kina for å  bli filetert. Han velger i staden kritikk av vitskapen, og gjer seg med det til nyttig idiot for FrP og andre klimaskeptikarar.

Det å relativisera beviste fakta og rakka ned på solide vitskaplege resultat er noko av det mest miljøfiendtlege ein kan gjera. Det har teke mange tiår med hard kamp å få klimaforsking godteke som seriøs og viktig. Når ein samfunnstopp, ein tidegare skulebyråd, går ut og påstår at heilt sentrale deler av vitskapen kanskje er feilaktige, kva skal då elevane tru om nyankomne jyplingar som klimaforsking?

Noa vs. Dinosaurane

Alternativet til evolusjonen er ”skapartru”, skriv Tomas Moltu, men meinar eigentleg kreasjonisme. I same augneblink set han seg sjølv på den ideologiske raudlista over trua artar. Det er underleg å koma med slikt i ei tid då religion generelt har eit velfortent comeback i Vesten innan ånds- og verdispørsmål. Folk som ynskjer å fornekta vitskapen og dens metodar og virkemåtar gjer seg sjølv irrelevante.

Kristendomen lærer oss at me kan bevara det biologiske mangfaldet ved å stappa to av kvart dyr inn i ein stor båt. Kristendomen lærer oss at me har ein allmektig og god gud som vil verna og tilgje oss same kva som skjer.

Evolusjonen lærer oss at livet på jorda er sårbart, følsomt og reagerar på den minste endring i omgivnadene. Evolusjonen lærer oss at sjølv mektige og dominerande rasar som dinosaurane kan dø ut dersom livsgrunnlaget forsvinn. Evolusjonen lærer oss at jorda kan klara seg heilt fint utan oss

Folk får sjølve bestemma seg for kva som gjev mest grunn til ettertanke

Advertisements

From → Evolusjon

2 kommentarer
  1. Thomas Moltu er skremmende. Nils Chr Steenseth, kanskje Norges mest anerkjente biolog har konkludert helt rett: «Moltu tar ganske enkelt feil». Moltu er åpenbart mer lojal mot religiøse dogmer enn mot vitenskap, og det har han jo lov til å være. Men han kan ikke forlange at vitenskapen skal vise ham respekt eller gå inn i dialog – når han i praksis mener at jorda er flat.

    Et tankeeksperiment: hva om Moltu hadde skrevet at Holocaust ikke hadde funnet sted? Som kjent fins det masse pseudovitenskapelig litteratur som påstår dette, akkurat som det fins pseudovitenskapelig anti-evolusjonslitteratur. Poenget er at denne litteraturen er uvitenskapelig og til dels løgnaktig, akkurat som Moltus kronikk. Det siste standpunktet er utvilsomt farlig og er av gode grunner forbudt å hevde offentlig i enkelte høyst demokratiske land. Intellektuelt er Moltus evolusjonskritikk på samme nivå, og jeg må bare berømme Steenseth og Jarl Giske som har tålmodighet til å skrive saklige motinnlegg mot denne mørkemannen.

  2. Søsekoppen permalink

    Hele denne følgetongen av flauser fra både Moltu og Rygg burde leses som oppsigelsesbrev fra de verv de har ift våre utdanningsinstitusjoner. For hva har de der å gjøre når de beviselig ikke aner på hvilke prinsipp disse institusjonene eksisterer?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: