Skip to content

Bill mrk: Troll søker monster

24.02.11

Det er ikkje så farleg kor, når eller kvifor Hardangerlinja vert bygd. Det viktigaste er at den blir veldig, veldig dyr.

Monstermastene skal ikkje byggast for å føra fram straum. Dei er eigentleg gigantiske elektriske gjerde som skal halda troll inne i revira sine. Regjeringa har i generasjonar halde trolla sin eksistens hemmeleg, og kjem difor opp med alskens vikarierande grunnar for bygging.

Dette var plottet i den norske filmen “Trolljegeren” i fjor. Argumentasjonen frå både motstandarar og tilhengarar av master er omtrent like etteretteleg.

På den eine sida har ein dei som vil følgja Turistforeinings-leiar Kristin Krohn Devold inn i ein DNT-jihad og energieffektivisera oss tilbake til mellomkrigstida. På den andre sida dei som meiner mastene er så vakre teikn på sivilisasjon og framskritt at dei burde stå på flytebrygger midt i fjorden.

Fram og tilbake

Olje- og energiministeren har gjentekne gonger påstått at det er folk flest sin auka straumbruk som er årsak til forsyningsproblema, mens BKK sine eigen tal for dei siste ti-femtan åra viser at det er petroindustrien sin straumbruk som har auka overlegent mest.

Hyttefolket på Kvamskogen vil ha mastene langt inne på det urørte fjellet slik at dei ikkje skuggar for utsikta til skiheisane, samtidig som dei sjølve betalar titusenvis av kroner for å få innlagt vatn, kloakk og automatisk garasjeportopnar.

Og så lokalbefolkninga, som har tigga, trua og hestehandla seg fram til Hardangerbru. Dette er det største inngrepet i Hardangernaturen sidan industribygginga for hundre år sidan. Det er forståeleg at ein rundt lunsjborda i departementet ristar litt på hovudet over at mastene er så ille i samanlikning. Argument om ”lokal nytteverdi” held ikkje: Auka produksjons- og eksportkapasitet på dei enorme vasskraftverka i Indre Hardanger vil på sikt gje langt meir pengar til kommunane enn ei massiv auke i antal vogntog over Rv7 Hardangervidda. Det gjeld uansett kor mange fleire pølser som blir selde på Mix-kiosken i Eidfjord.

Regjeringa på si side har veksla mellom å snakka om kor skånsom og nøye terrengtilpassa linja er, til å spesialbevilga hundre millionar kroner for å hindra ein reiselivsapokalypse. Beløpet utgjer riktignok berre sju promille av den årlege produksjonen til reiselivsbransjen i Hordaland, men kanskje held det til å måla Hardangerbrua i kamuflasjefargar.

“Enøk!” svarar linjemotstandarane når det blir snakk om forsyningssikkerheit, og gløymer i farten at verda også vil trenga energi når olja tek slutt. Det teoretiske potensialet for offshore vindkraft i norske farvatn tilsvarar over hundre gonger dagens totale kraftproduksjon i Norge. Hordaland sine vassmagasin trengs som batteri for å lagra den ustadige krafta frå vindmøller. Det forutset ei mengd linjer mellom mølle og dam.

Elektrifisering

Uansett kor mange vindmøller og bergensheimar som kan ha nytte av linja i framtida, er det i fyrste omgang forsyninga til Troll-plattforma linja handlar om. Mange framstiller elektrifisering av sokkelen som meiningslaust. Her har både mastemotstandarar og BT på leiarplass svikta grovt på faktasjekkfronten.

Gasskraftverka som står ute på norske plattformar og lagar straum til drift, har ei verknadsgrad på rundt 30 prosent. Tilsvarande tal for kraftverka på Kårstø og Mongstad er rundt seksti prosent. Med andre ord får du nesten dobbelt så mykje straum med same mengde gass. Gasskraftverk i Europa er ikkje på langt nær så effektive som dei nye norske, men likevel betre enn dei som i dag står ute på plattformane. Klimagevinsten ved elektrifisering er udiskutabel.

Samtidig har Arbeidarpartiet fått det til å høyrast ut som om Grønlandsisen kjem til å smelta før jol om me ikkje får bygd “miljømastene” og elektrifisert sokkelen omgåande. Dette forsøket på å setja natur og klima opp mot kvarandre er syltynt. Statkraft har dei siste åra bygd gasskraftverk i Tyskland som er mange gonger så store som Kårstø/Mongstad, og slepp ut fleire hundre tusen tonn meir CO2. Hadde desse blitt bygd i Hordaland, hadde sokkelen vore ferdig elektrifisert for lengst, og Hardangerlinja hadde vore ei ikkje-sak.

Betaling

Det heile kokar ned til følgjande antiklimaks: Hardangerlinja er på ingen måte nødvendig, men på dei fleste måtar både fornuftig og ynskjeleg. Spørsmålet er om me skal ta oss råd til kabel.

Refrenget er då ofte omtrent slik: “Den rekninga må Statoil eller Statnett eller Statkraft eller Staten generelt ta!”. Desse personane synest å ha gløymt éin ting: Staten, det er oss. Om me betalar over straumrekninga, skattesetelen eller via litt mindre innskot frå Statoil til oljefondet er knekkande likegyldig. Det er me som betalar. Og det er då me kjem inn på ukomfortable sannheiter, for då må me sjå på oss sjølve.

Det norske folk er eit digert troll med fem millionar hovud som glefsar i seg alt det får fatt i. Me kjøpte augekosmetikk for 745 millionar (opp 67 prosent frå 2003). Me kjøpte hudpleieprodukt for 2,2 milliardar. Norske flyplassar ekspederar ti millionar fleire passasjerar enn for ti år sidan. Det har blitt 400 000 fleire bilar i landet berre sidan 2003. Me importerte i fjor klede for femten milliardar kroner.

Kina bygde i 2007 åleine kol- og gasskraftverk tilsvarande 250 Mongstad-anlegg, i vesentleg grad for å gje vestlege forbrukarar billege varer. Me har bidratt med å dobla importen vår frå 20 til 40 milliardar på berre fem år. Ingen kan kappspisa med oss. Me har skore hol i magen vår og blir aldri mette.

Sprekk

Kor på skalaen mellom samfunnsnyttig og sløseri sjøkabelen ligg, kan ein meina mykje om, men den blir oftast sett opp mot det viktigaste i liva våre. Skal ein snakka om sløsing, må ein sjå på heile spekteret av pengebruk i samfunnet. Når Stoltenberg snakkar om kabelmilliardar, blir han alvorleg og snakkar om pengar til barnehagar og eldreomsorg. Knapt éin gong i debatten har sjøkabel blitt sett opp mot, til dømes, dei 600 000 nye fjernsynsapparata me kjøpte i 2009, for totalt fire milliardar kroner.

Etter at SV har gjort miljømessig harakiri i regjeringa, er raringane i Dei Grøne og masekoppane i Naturvernforbundet omtrent dei einaste som vågar å ymta frampå om at nye plasmaskjermar ikkje er alt her i livet. Høgres Torbjørn Røe Isaksen sat nyleg i Dagsnytt 18 og smilte overbærande mens Framtida i våre hender prøver å forklara at me alle bur på same klode. Det blir noko Blekkulf-aktig over slikt prat, og Blekkulf er nittitals. Han har ikkje eingong eiga nettside.

Fire milliardar for at ting skal sjå fint ut for turistane er sløsing. Fire milliardar på eit naturvernande, framtidsretta, klimasparande infrastrukturprosjekt kan óg vera sløsing. Alt kjem an på kva me ellers ville ha brukt pengane på. På enøk? På vindmøller? På sydenturar?

Det er meiningslaust å skjerma nokre fjellområde og sidearmar av Hardangerfjorden dersom me i resten av landet og verda turar fram som før. Då vil søppelberget veksa, jorda bli stadig varmare og sola skina stadig sterkare.

Og me veit alle kva som skjer med troll som får for mykje sol på seg.

 

 

Kjelder: Enova, SSB, Det nasjonale kinesiske statistikkbyrået, Elektrobransjen, HSH, BKK, Statkraft, Bellona, Avinor, Statnett.

 

Advertisements

From → Uncategorized

2 kommentarer
  1. Arvid N. permalink

    Veldig bra! Privatforbruket burde senkes, og pengene i stedet pøses inn i samfunnsnyttige ting som infrastruktur og miljø.

  2. Garmann permalink

    Privat sløsing rettferdiggjør ikke offentlig sløsing, så enkelt er det. Man kan ikke ta den enkelte borgers beslutning om hvordan han/hun bruker sin egen lønningspose, til inntekt for en slags sosialistisk våt drøm om å bare bruke alle samfunnets ressurser på noe «riktig» og høyverdig».

    Er forsåvidt enig i noe av det som står om uredelig argumentasjon fra regjeringen, men det er en kompleks sak, og mye av dette er nok like mye medias feil som regjeringens. Vanligvis skriker kommentariatet (og bloggosfæren) etter ansvarlige politikere som tør å stå på prinsippene og tenke langsiktig, men når dette faktisk skjer, blir folk bare sure…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: