Skip to content

Tru gjev ikkje rett.

13.02.13

Både velferdsstaten og helsevesenet er medskuldige i drapet på gud. Det gjer
dei ikkje erstatningspliktige i form av å gje religiøse særskilde privilegier.

Velferdsstaten er i ferd med å drukna i sjukdommar den sjølv er med på
å skapa, skriv Eivind Meland, fastlege og professor ved UiB, i BT 6. februar. Det
verdslege og gudlause samfunnet har stivna til og blitt farleg dogmatisk i sin
fiendtlegheit mot mennesket sitt naturlege behov for det andelege. Eit av symptoma
på dette er manglande respekt for religiøse ytringar i det offentlege rom.

Helsevesenet som placebo

Meland skriv mykje klokt om at me som samfunn behandlar oss sjuke, og at
moderne medisin tidvis vert brukt som eit placebo for å lindra det som eigentleg er
psykososiale eller, om ein vil, andelege problem. Helsevesenet jaktar på sjukdom
med ljos, lykter og radioaktive superscannerar. Ofte vert ein behandla som sjuk inntil
det motsette er bevist. Det er eit problem, og det har Meland langt på veg rett i.
I ei verd der livets rynker er glatta over av Facebook-perfeksjonen, gud er
død og FrP stemmer for bompengar, er ingenting sikkert og ingenting godt nok.
Usikkerheita og jakta på lukka gjer at nordmannen søker sjelefred andre stader enn
han har hatt for vane dei føregåande tusen åra, og helsevesenet er ein mykje brukt
tilfluktsstad. CT-scanneren har blitt den nye skriftestolen der ein kan bli rensa for sine
synder og angsten for kreft. Apoteket er den nye nattverda der ein i staden for Jesu
blod serverar blodfortynnande.

Alle som har jobba i helsevesenet veit at me ofte gjer alt for mykje i eit fåfengt
forsøk på å stagga det uunngåelege. Sjølv garva overlegar kan la seg riva med av
håpet i stemma til ein dødssjuk pasient, og lova ei siste utgreiing, nokre ekstra
blodprøvar, eller ei henvising til vurdering for ein operasjon han innerst inne veit at
ingen kirurgar vil gjennomføra.

Sekulær konspirasjon

Meland går imidlertid alt for langt. Uførepensjon og sjukepengar blir «prosesser
som handler om utstøting og fremmedgjøring». Trygdeytingar er “en fattig trøst for
urettferdighet og opplevelse av håpløshet”. Han framstiller det som om velferdsstaten
er eit sekulært komplott for å hindra folk i å forsona seg med si eiga skjebne. Mange
alvorleg sjuke vil nok heller sei at offentleg velferd tvert om gjer det mogeleg å
fokusera på det andelege, det menneskelege og det nære, i staden for å måtta
bekymra seg for husleiga eller barnehageavgifta.

Anklagene om at det moderne Norge er ei “fundamentalistisk velferdsstatkirke”
med dei NAV-tilsette som aggressivt rekrutterande misjonærar, framstår som
underlege dersom ein følgjer den jamne politiske debatt. Det finst knapt noko
det offentlege Norge har akka og uffa seg meir over dei siste åra enn veksten i
antal uføre og små prosenters oppgang i sjukefråveret. For heile Systemet, frå statsministeren og ned til den enkelte fastlege, er det arbeidslinja, aktiv sjukemelding,

jobbtrening, inkluderande arbeidsliv og omskulering som gjeld.

Diagnosemonsteret

Framstillinga av helsevesenet som eit diagnosemonster som et eksistensielle
plager til lunsj er heller ikkje heilt rett. Det er eit skarpt og aukande fokus på
overdiagnostisering innan helsevesenet. Det store amerikanske legetidsskriftet
Archives of Internal Medicine gjekk i fjor ut på leiarplass og kalla overdiagnostisering
“ein moderne epidemi”. Sjølv for eit gjennomdokumentert og livreddande program
som den norske mammografiscreeninga har den totale nytteverdien vore diskutert.

Mi erfaring er også at dess eldre legar er, dess mindre triggerhappy er dei
etter å utgreia og behandla pasientar. Dei har levd lengre, sett fleire pasientforløp,
og sett kor viktig det er for det enkelte individ å læra seg til å leva med sjukdom, leva
med tanken på alt ikkje alltid er bra.

Utdanna medmenneske

Når det gjeld dei lettare psykiske lidingane, er det heller ikkje gitt at det er eit
problem at me “omdanner emosjonelle og relasjonelle krenkelser til diagnoser og
etterspørsel etter terapeuter”, slik Meland skriv.

Kan det ikkje tenkast at dagens psykologar, om enn i ufrivillig samrøre
med velmeinande handspåleggarar og skrønemakarane innan homeopati og
kvantemedisin, gjer ein vel så god jobb som gårsdagens prestar, sjamanar og kloke
koner? Folk har alltid hatt plager og ubehag i livet sitt, og vil alltid ha det. Er det
ikkje like greit at dei søkjer hjelp hjå eit profesjonelt utdanna medmenneske som har
verktøy bygd på forsking og erfaring, som at dei søkjer trøst hjå gud?

Det er uansett ikkje grunn til å frykta at Norge skal verta eit andeleg audeland.
Statistikk frå SSB og andre tyder på at rundt ein million nordmenn nyttar alternativ
behandling kvart år. Ifølge Dagens Næringsliv ringer me spåtenester for ein kvart
milliard i året. Bøkene til engleprinsessa vår har selt godt over 50 000 eksemplarer.
Det er lite som tyder på at den sekulære rasjonaliteten held nordmenn i eit jarngrep.

Det allmennreligiøse finst ikkje

Meland fortenar anerkjennelse for sitt insisterande fokus på toleranse og
samarbeid på tvers av religionar og sekularitet. Han begår imidlertid ei intellektuell
kortslutning når han ynskjer å fremja “det allmennreligiøse eller økumenisk
alternativ”. “Økumenisk” er eit omgrep dei fleste større oppslagsverk reknar som
eksklusivt kristent. Det handlar om samordning og tilnærming mellom dei ulike kristne
sektene for å få ei meir einheitleg kyrkje. Det har ingen ting med “allmennreligiøst” å
gjera.

Det er nettopp her problemet med religiøse privilegier ligg: Det finst ikkje noko
allmennreligiøst. Det er ikkje ein gong alle religiøse som trur på ein gud. Det finst eit
utal reglar, påbod, anmodningar, forslag og diktat i dei religiøse skriftene frå ulike
delar av verda. Svært mange av desse er gjensidig ekskluderande.
Meland overser dermed det grunnleggande problemet i debatten rundt
religiøse privilegier, t.d legar som reserverar seg mot å henvisa til abort: Mi tru er
ikkje viktigare enn andre si. Mine prinsipp og overbevisingar har ikkje meir vekt i
debatten enn andre sine. Dette likheitsprinsippet gjev ein umogeleg situasjon når
partane fører argumenta sine tilbake til ein ufeilbarig, ikkje etterprøvbar guddom som
ikkje tek imot ankesaker.

Kva majoriteten kan påtvinga minoritetar er eit av dei vanskelegaste spørsmål
i eit demokrati. Men skal ein få samfunnet til å fungera sit ein til slutt att med lover,
reglar og normer som ikkje er basert på religiøse diktat, men simpelthen på kva me
har blitt einige om som menneske. Norge har blitt ugjenkalleleg fleirkulturelt, og
potensialet for gnissingar og konflikter er større enn før. Den nøytrale, sekulære
offentlegheita er vår viktigaste felles møteplass. Den må bevarast.

 

I Bergens Tidende 13.02.13

 

Advertisements

From → Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: