Skip to content

Kommunesamanslåing og den krympande kulturforskjellen

28.01.16

 

Eg møter ein del folk frå Midtausten i jobben som allmennlege, og deira kultur kan vera vanskeleg å forstå, sjølv om eg har reist ein del der opp gjennom åra. Då eg gjekk på ungdomsskulen på Hauso syntes me folk frå Vines var rare, sidan det var bedehus der ute og enkelte av dei visstnok var kristne. På barneskulen på Nå syntes me Bleiingane at Agingane var litt rare, fordi dei budde i byggefelt og ikkje på eit gardstun, slik me var vant med sjølve. Kva Agingane tenkte om oss, som kom frå bondegardar og heitte «bleie» til etternavn, må gudane vita.

Hvs ein zoomar litt ut på kulturforskjellar, vert dei stort sett ganske ubetydelege, og tidvis direkte komiske. Ja, det er forskjell på ein industriby og ei landbruksbygd, for all del. Men skal denne forskjellen trumfa nye vegar, nedlagte ferjer, bankar og postkontor utsletta av internett, omlegging av kommunane sitt inntektssystem og ei historisk nedlegging innan landbruket, for å nemna noko? At Norge dei komande åra må venta seg ein kraftig økonomisk smell på grunn av oljekrakket hjelper ikkje på.

Eg er oppvaksen i Vikebygd, men har budd lenge vekke. Eg følger nøye med på kva som skjer i regionen, men er både på innsida og utsida. Med utsidebrillene på framstår det som direkte fascinerande at nokon seriøst vurderar å etablera ein ny kommune som er delt av fjorden. At me har arva dagens grenser frå tidlegare tider er greit nok, og det fungerar på eit vis. Men å gå inn for ein ny fjorddelt kommune i 2016 inneber at du har eit ganske eksotisk syn på korleis samfunnsstrukturen kjem til å sjå ut dei komande tredve åra.

Kaos overalt

Til dei som er skeptiske til politikken i eine eller andre kommunen: Kommunepolitikk er alltid litt treg, litt kaotisk, veldig personbasert og ganske ofte brutal. Det gjeld i Odda, i Jondal, i Ullensvang og det gjeld også i større kommunar der ein skulle tru forholda var meir profesjonelle. Berre sjå på kaoset som har vore i Bergen. Hovudregelen er at me får dei politikarane me fortenar.

Det tyngste og mest fornuftige argumentet eg har sett for å gjera noko anna enn å slå saman Odda, Ullensvang og Jondal, er at Vestsida i ein utvida fjordakommune (“Nordalternativet”) vil vera likeverdig med resten av kommunen. I valkrinsane frå Måge til Alsåker bur det over 1200 menneske, altså fleire enn i Ulvik, Granvin eller Eidfjord. Det vil vera enklare å argumentera for å få sin del av kaka i form av tenester og investeringar når ein utgjer ein så stor del av kommunen. Men det er også det einaste argumentet me kan tillegga særleg vekt.

Eit vanleg forsøk på å legga debatten død, er å seie at me veit kva me har, men ikkje kva me får. Det er viktig å ikkje forhalda seg til dette utsagnet som eit gubbete molboargument for å behalda alt som det er for ein kvar pris, men som ein motivasjon til å sjå nøyare på kva ei samanslåing vil medføra. Då må ein sjå konkret på kva kommunen tilbyr.

 

Utrygge tenester

Det som gjer at kommunen har noko som helst å seie for folk, er dei kommunale tenestene, då særleg skule, barnehage og helse/omsorg. Jobb og fritidsaktivitetar er sentrale ting i livet for den enkelte, men dei er ikkje nødvendigvis direkte knytt til kor kommunegrensene går. Kva vil så ei samanslåing med Odda ha å seie for dei kommunale tenestene på Vestsida?

Den mest openbare negative konsekvensen er at Vikebygd skule vil vera trua. Det vil vera lett for eit pressa kommunestyre å seie at det er halvanna mil frå Måge til Odda, halvanna mil frå Bleie til Hauso, og dela skulekrinsen mellom der ein stad. Halvanna mil er ikkje mykje når ein susar avgårde med bil, men det er sjølvsagt noko anna med ein treg skulebuss på rasutsette vegar vinterstid. I dag tek skulebussen ca 25 minutt frå Bleie/Nå til Hauso, og det kjem ikkje til å gå kjappare om masse småungar skal plukkast opp og stuast på plass. Dette er truleg den største enkelttrusselen mot samfunnet på Vestsida. På grunn av avstanden til Odda frå Vines/Alsåker er ikkje Hauso skule i fare på same måte, heldigvis.

Aldersheimen på Utne vil truleg vera trygg i fyrste omgang. Det er simpelthen for langt derifrå til Odda, og uansett vil ein trenga ein del pleiepersonell i området til å hjelpa dei som bur heime eller i omsorgsbustader. Men sjukeheimsmedisin vert, på grunn av aukande levealder, stadig meir krevande og krev stadig meir kompetanse og ressursar.

Legekontoret på Utne vil truleg kunna drivast så lenge det er nokon som er villig til å jobba der, men i framtida vil svært få legar ha lyst til å jobba på eit så lite legekontor. Det skuldast dels den rivande utviklinga innan medisinfaget, og dels folk sine aukande krav og forventningar. Kontoret vil neppe bli nedlagt i overskueleg framtid, men i ein situasjon der det er vanskeleg å rekruttera legar vil det fort kunna bli eit utekontor drifta frå Odda, med reduserte opningstider. Barnehagane på si side er nok trygge. Det er høg terskel for å transportera så små barn.

Dette kan virka som ei ganske negativ oppsummering, og iallfall ikkje som noko argument for kommunesamanslåing. Det er imidlertid så enkelt at eit Ullensvang som berre i år skal spara ni millionar kroner ikkje vil vera noko betre stilt framover enn ein samanslått kommune. Og endå viktigare: Mange av desse trendane er langt på vei uavhengige av kommuneøkonomien. Den desidert største utfordringa er simpelthen å få på plass det ein treng av kompetente folk i ulike sektorar. Då treng ein tilflytting/tilbakeflytting, og då treng ein arbeidsplassar.

 

Breidare næringsgrunnlag

Langs fjordsidene er det landbruk, helse, oppvekst og diverse små foretak innan handverkarsektoren som i hovudsak utgjer arbeidsmarknaden. I Jondal er nesten ein tredel av jobbane innan helse og omsorg. Skal du som fjording gjera noko anna må du enten starta for deg sjølv eller reisa til Odda. Andelen av sysselsette i Ullensvang som pendlar ut av kommunen har krype jamnt oppover frå ein tredjedel ved årtusenskiftet til nesten 40% no. I 2014 hadde Jondal rekordhøg negativ pendlingsbalanse (antal innpendlarar minus antal utpendlarar).

Ingenting tilseier at dette vil endra seg, heller tvert om. Landbruk og fiske utgjer knapt 1% av sysselsetjinga i Odda. Til samanlikning er det rundt 10% for Ullensvang og Jondal. Men på berre åtte år har landbruket sin andel av sysselsetjinga i Ullensvang minka med ein tredel. Det er mykje. Det skjer mykje bra kompetansebygging og innovativ produktutvikling innan landbruket som truleg vil betra lønnsomheita og gje opphav til enkelte suksessrike bedrifter. Men nokre større, strukturelle utslag på sysselsetjings-statistikken vil me neppe sjå.

Det er derfor i heile Indre Hardanger si interesse å ha ein kommune som er god på næringsutvikling av alle slag, som har god saksbehandlingskapasitet og som kan tilby bustader, tomter og næringsareal til alle som vil ha.

 

Ikkje berre Vestsida

Saka er mindre opplagt for Jondal og Lofthus/Kinsarvik enn for Vestsida, men burde heller ikkje vera veldig vanskeleg når ein ser på realitetane.

Jondal har eit nostalgisk forhold til Kvam, og drøymer truleg inst inne om ei bru over fjorden til eit Kvam i sterk vekst, med tunnell under Kvamskogen og pendlaravstand til Bergen. Det er forståeleg, men dessverre lite realistisk.

Etter det som framstår som tidenes lobbymessige mageplask, har Hordalandsdiagonalen gått frå å vera ein sikker vinnar til å henga i ein stadig tynnare tråd. Til og med Sunnhordlandsdiagonalen er no rekna som ein konkurrent, sjølv med Hordalandsdiagonalen sin enorme fordel i å allerede ha to av tunnellane på plass. Og sjølv om dette skulle snu, snakkar me uansett minimum om ti-femten år før alt kan vera på plass. Til Odda køyrer ein allerede i dag på ein god halvtime, på i hovudsak god, trygg veg.

Det vert av mange teke for gitt at Lofthus/Kinsarvik kjem til å orientera seg mot nord, noko som undrar meg litt. I den kommunen vil det vera fire ganske like sentrum med kort avstand frå kvarandre, med eit vell av mogelegheiter for bikkjeslagsmål om kor ulike funksjonar og arbeidsplassar skal ligga. Ved samanslåing mot sør vil avstanden til Odda saman med det relativt høge innbyggartalet langt på veg sikra desse bygdene tenester på dagens nivå. I tillegg vil dei saman med Vestsida, Jondal og Røldal utgjera eit interessefellesskap og ein sunn og sterk balanse mot byen i sentrum. Ingen av desse fire utkantane i ein ny kommune vil vera ein trussel mot dei andre. Dei er for langt frå kvarandre til å slåss om skular og andre ting.  

Lofthus er ei av dei vakraste, mest vitale bygdene langs heile Hardangerfjorden og Kinsarvik har ein unik fordel med tilflytting og arbeidsplassane på Kartverket. Dei har sterk landbruks- og reiselivskompetanse, og vil ikkje kunna slukast av Odda på noko vis. Utan å sei noko vondt om Reisemål Hardangerfjord, så er reiselivssatsinga i Indre Hardanger i dag dels fjernstyrt frå Norheimsund, og dels styrt på deltid av ein næringskonsulent i Odda. Kobla med ei omlegging og spissing av dagens kommuneadministrasjon kan bygdene  på austsida bli ein kraftig aktør i ei langt sterkare reiselivssatsing.

 

Den vesle, stadig krympande, forskjellen

Dei meir saklige argumenta rundt Kulturforskjellen går på at kommuneadministrasjonen og det offentlege apparatet ellers i Odda har eit anna fokus og anna kompetanse enn i Ullensvang og Jondal. Det kan for eksempel godt vera at eit innovativt tiltak som «Dyrk smart«-prosjektet i fruktnæringa hadde blitt møtt med skuldertrekk og blanke blikk i Odda rådhus per no. Den ganske hjelpelause handteringa av Trolltunga-boomen så langt viser at industribyen også har ein god del å læra om reiseliv. Kategorien “Overnatting og servering” utgjer ein tre gonger større andel av sysselsetjinga i Ullensvang samanlikna med Odda.

Her møter me imidlertid oss sjølve i døra. Eit av dei hyppigaste refrenga ein høyrer frå Distrikts-Norge er at me kan skaffa all den kompetanse som trengs berre me får sjansen. Kartverket i Kinsarvik er det glitrande eksemplet lokalt. Det står ikkje til truande å samtidig seie at Odda vil enda opp med å vanstyra Ullensvang og Jondal dersom me går saman. Tvert om kan ein ny, sterkare kommuneadministrasjon med meir kapasitet på utgreiing og saksbehandling vera ein betre samarbeidspartner for innbyggarar og næringsliv.

 

Proaktiv

Rundt ein tredel av landets kommunar har starta samanslåingsprosessar. Finrekning på akkurat nøyaktig kor mykje pengar ein får frå Staten med det eine eller andre alternativet er eit byråkratisk pliktløp, men uansett forandrar det ikkje på at det vil vera betydeleg mindre attraktivt å vera ein liten kommune framover enn det er i dag.

Kvifor ikkje sjå korleis ein kan få mest mogeleg ut av denne prosessen, i positiv retning? Vedta, slik Nordhordland har gjort, at skule- og helse/omsorgs-strukturen er freda minimum fram til ei samanslåing i 2020. Det vil gi ro rundt dei største stridsspørsmåla, og gje innbyggarane tid til å jobba og skapa verdiar i staden for å gå i fakkeltog eller starta protestaksjonar. Bruk uformelle politiske kanalar mot høgare politiske nivå til å kobla samanslåinga mot andre ynskjer, eksempelvis utbetring av vegen mellom Folgefonn- og Jondalstunnellen.

Finn ut kven som er gode til kva og korleis bygdene kan utfylla kvarandre utan å konkurrera. Eit døme er den paradoksale situasjonen at fråflyttingskommunane Odda og Ullensvang har mangel på tomter og ledige hus. Forsering av eit nytt byggefelt ved Nå sentrum, i behageleg pendlaravstand frå Odda, vil bidra til å trygga butikk og skule, og bidra til auka sentrumspreg der.

Nokon kan reiseliv, nokon kan landbruk, nokon kan industri. Nokon har god plass, nokon har dårleg plass. Dette er ikkje argument for å leva kvar for seg. Tvert om er det argument for å jobba saman.

 

Advertisements

From → Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: