Skip to content

På valdagen: Tenk vidt, tenk breidt, tenk framover.

23.05.16

 

Kommunereforma er stort sett noko tull. Den vil tappa Distrikts-Norge for ei mengd høgkompetansejobbar og utvatna lokaldemokratiet. Det nye inntektssystemet svekker både småbygder og større stader som Førde og Voss, som burde vera meir enn store nok til å fungera bra.

Men kommunereforma er ikkje _berre_ noko tull. Indre Hardanger er eit døme. Eidfjord, Ulvik og Granvin er alle inne blant dei topp 40 minste kommunane i Norge. Det er ein god halvtime å køyra frå Øvre Granvin til Øvre Eidfjord. Det seier seg sjølv at tettheita av rådhus i dette området er litt i overkant av kva som er strengt nødvendig. Sett utanfrå er det openbart at desse tre, og den nordlegaste snutten av Ullensvang (Oksenhalvøya og Bu) burde kunna fungera greit saman.

Men så var det resten av fjorden. Odda, Jondal og Ullensvang klarar seg greit enn så lenge. Men det nye inntektssystemet kjem til å gjera ting verre. Sjølv om du tykkjer kommunereforma er dum, dårleg begrunna og provoserande, kan du ikkje lata som om ho ikkje finst. Regjeringa ligg ganske bra an på meiningsmålingane, og det er godt mogeleg kommunalminister Sanner har jobb til 2021. Dessutan er det ein ganske så offentleg hemmelegheit at Ap ynskjer færre kommunar, så ei ny raudgulgrøn regjering kjem neppe til å reversera noko som helst.

Sett frå sidelinja er det to scenarier for Hardanger: Eit håpefullt og eit litt trist.

I det triste går dei vitale og veksande bygdene Kinsarvik og Lofthus mot nord, inn i ein (fortsatt) ganske liten kommune. Denne vil etterkvart sokna meir og meir mot Voss innan både handel, skule, helse og anna. Utan Lofthus/Kinsarvik som alliert, har Jondal inga interesse av å vera den einaste veslebroren i den uunngåelege syskenkranglinga som vil koma med Odda. Med stadig betre ferjetilbod, og på sikt kanskje bru og Kvamskogtunnell, blir Jondal ein del av eit Kvam som gradvis vender seg endå meir mot Bergen. Odda sit att med ein litt større del av Sørfjorden enn no, og er ellers ganske uendra.

Eg skal på ingen måte ikkje påstå at dette i seg sjølv vil gje dårleg livskvalitet og svake kommunale tenester for innbyggarane. Men for «Hardanger» som ein meiningsfull geografisk region blir det eit banesår.

I det håpefulle scenariet går heile Sørfjorden, Odda og Jondal i lag. Kommunen har ein sunn balanse mellom sentrum og periferi. Den har ei frukt- og bær-næring som omtrent er den einaste sektoren av vestlandsk landbruk der det skjer noko positivt. Den har tungindustri som (til dei fleste si overrasking) har vist seg å vera både framtidsretta og konkurransedyktig. Den har to nasjonalparkar og ei reiselivsnæring som (også til dei fleste si overrasking) er så suksessrik at den har solide veksesmerter. Den har også ei solid mengd konsesjonskraft. Styrken i ein så variert kommune skal ein ikkje undervurdera.

Til sjuande og sist er det ikkje argumenta frå prominensar som Edmund Harris Utne eller Roald Aga Haug som skal avgjera kva du stemmer. Du kan ikkje ta hensyn til kva eit eller anna kommunestyre gjorde eller ikkje gjorde i «gamle dagar» (også kjent som 90-talet for dagens ungdom). Du kan ikkje la val av aust/vest-stamvegen avgjera. Når Ketil Solvik-Olsen skal bruka mangfoldige titals milliardar bryr han seg ikkje særleg om kva ti-femten tusen innbyggarar innerst i ein fjord ynskjer. Såpass realistiske må me vera. Du bør heller ikkje stemma ut frå enkeltsaker som at du ynskjer å bevara barneskulen du sjølv gjekk på, eller at du er redd for tukling med jaktrettane på Vidda.

Du må stemma ut frå kva samfunn du trur borna dine lever i om tjue år. I Hardanger har ein vore flinke til å tenka langsiktig og stort. Dei gjorde det då dei bygde Lagmannsstova på Aga, Munketreppene på Lofthus og eit skisenter langt oppe på Folgefonna. Dei gjorde det då dei bygde det opprinnelege Hardanger Hotel og Ringedalsdammen.

Det same gjeld no. Tenk vidt, tenk breidt, tenk langsiktig. Tenk framover. Godt val.

Advertisements

From → Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: