Skip to content

VoldtektsGuden & PedoMannen og dei gode hjelparane.

06.03.17

Lasse Hagejordet og Benjamin Ødegaard Strand. To unge, fremadstormande menn som under artistnama «Solguden og Mannen» lagar lettbeint, formelbasert pop til russen, og tenar store beløp på det.

I år har dei laga ein song på bestilling frå russebussen Playboy 2017, der mellom anna russepresident på Amalie Skram vidaregåande skule, Ole Sebastian Rolland, er med, saman med andre russ frå Nordahl Grieg, Fana og Stend vidaregåande skular. Songen inneheld ein grov beskrivelse av seksuelle overgrep mot mindreårige.

Men russepresidenten på Amalie Skram og hans menasjeri på bussen vil ikkje slutta å bruka songen. Dei har brukt titusener av kroner på å få laga songen, og kan ikkje berre simpelthen droppa den. Dessutan unnskuldar dei seg med følgande: «Vi har betalt for renommeet til artistene. Det er de som eier sangen og rettighetene. Vi har ingenting med det å gjøre.»

Ynkelege, unge menn

I denne samanhengen er russegutane berre nyttige idiotar for ein forkasteleg industri. Dei fortenar likevel all den tyn dei kan få, på fleire plan.

At russen kan gå ut etter tre år på vidaregåande og betala opptil hundre tusen kroner for éin song, utan å få noko slags rettigheiter til eller royalties for den, viser at «Luksusfellen» trygt kan planlegga mange fleire sesongar utan å vera redd for å gå tom for lettlurte, korttenkte deltakarar. Byens prestisjeskular sender tydelegvis ungdommen rett inn i armane på forbrukslån-bransjen.

Ein annan ting er at denne russebussen har bestilt songen, betalt for den, høyrt gjennom den, og etter intern diskusjon bestemt seg for å gå god for den og bruka den for å fronta seg sjølve. Å koma etterpå og spela uskuldig fordi ein ikkje får royalties frå songen er ansvarsfråskriving av ynkelegaste sort. Ansvar for eigne handlingar er openbart ikkje ei paradegrein i denne elevgruppa.

Utvida perspektiv

Ein skal vera forsiktig med å forventa for mykje av umodne, narsissitiske russegutar, men koblinga til Amalie Skram Vidaregåande er spesielt interessant. Skulen er blant dei nyaste og flottaste i fylket. Den har i fleire år samahengande vore den vidaregåande skulen som er soleklart vanskelegast å koma inn på i Hordaland. Som eit naturleg resultat av dette har den svært høg jenteandel, på nær 70%, ettersom det er jenter som har best karakterar.

Likevel klarar altså skulen å enda opp med ein mannleg russepresident, henta frå ein kompisgjeng som ser på kvinner som lite anna enn midlertidige oppbevaringsstader for penisar. Det er sjølvsagt ekstra trist når ein tenker på kven skulen er oppkalla etter og kva ho stod for.

I ein større samanheng er russesongar berre fjas. All denne klaginga frå vaksne vil berre gje Ødegaard og Hagejordet meir PR, meir business, høgare marknadsverdi. Men me må likevel stå på og kjempa mot dei.

Eit viktig kjenneteikn ved fredelege, framgangsrike samfunn er at kvinner nyt lik respekt, same rettar og same status som menn. Sylvi Listhaug må gjerne jamra seg hås over “feministeliten” men faktum er at Norge er ein liten oase av likestilling i ei verd der kvinner fortsatt i overveldande grad er undertrykt og gitt mindre verdi enn menn. Dette gjeld store deler av den tredje verda samt dei områda der middelaldersk islam rår grunnen. Men det gjeld også langt nærmare våre eigne landegrenser.

Russland har nyleg avkriminalisert vold mot ektefelle. Nyleg sirkulerte det ein video frå Europaparlamentet der ein eldre, mannleg parlamentarikar frå Polen langa ut; Det er “sjølvsagt” at kvinner tenar mindre enn menn, fordi kvinner er “mindre, svakare og mindre intelligente”. Og så har me sjølvsagt “Grab them by the pussy”-presidenten i USA. Me må ta desse kampane internasjonalt og politisk, men me må óg ta dei i våre eigne samfunn.Spesielt når det blir så ille som i tilfellet Ødegaard og Hagejordet.

Daterape-Duoen

I den aktuelle songen blir linja «Er du tretten, er du med» direkte etterfulgt av «Når du suger, så gå ned». Når Dagbladet spør om Hagejordet og Ødegaard skjønar at desse setningane lett kan sjåast i samanheng, svarar dei: «Det gjør vi. Det er litt av trikset.» «Litt av trikset» er altså å oppfordra til voldtekt av barn. Ikkje insinuera. Ikkje antyda. Men beskriva og instruera, som i følgande linje; “Er du skvetten, legg deg ned og ikke skrik”.

Hagejordet og Ødegaard strekker seg så langt dei kan for å vera «litt på kanten, men ikke over», som dei seier. “Folk ønsker at låta deres skal bli kjent, og hvis den er kontroversiell blir den kjent.” Dette er altså eit kalkulert pr-stunt. Dei veit godt kva dei gjer.

Kva når dei sjølve blir trekt litt nært kanten?  Avissaker skal også selga og skapa oppmerksomheit. Kva med overskrifter som «Pornoduo pusher voldtektssanger»? Er det for nært kanten?  Kva om me slår til med «PedoLasse» Hagejordet og Benjamin «Daterape» Ødegaard. Er det over streken? Er det ubehageleg?

“Vi skriver ikke konkret noe om sex med mindreårige eller overgrep. Det kan kanskje tolkes sånn, men vi har ikke ment det sånn når vi har skrevet det”, seier dei to.

Kvar einaste veke på legekontoret ser eg liv som har blitt ødelagt av seksuelle overgrep. Det kan vera over fleire år som barn, det kan vera ein enkeltepisode i ungdommen eller angrepsvoldtekt i vaksen alder. Ingen kjem umerka frå ei slik oppleving, uansett korleis den arta seg.

At russen på vestlandets fremste vidaregåande skule blir representert av denne type menneske er trist. At to kjepphøge nokon-og-tjueåringar sit og tenar millionbeløp på bevisst, kalkulert nesten-promotering av denne type overgrep er kvalmande.

Advertisements

From → Uncategorized

One Comment
  1. Eli permalink

    Tusen takk for et skarpt velformulert innlegg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: